• Hjem
  • Nyheter
  • Godt møte med Kunnskapsministeren om Lånekassen

Godt møte med Kunnskapsministeren om Lånekassen

Fv. Jørgen Amdam, Jan Kåre Aurdal, Torbjørn Røe Isaksen, Stein Åm, Dag Vaagen og Erlend Krumsvik.Måndag 14. november møtte ein delegasjon frå Søre Sunnmøre kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen. 


Formålet med møtet var å følge opp saka om det nedleggingstrua regionkontoret til Lånekassen i Ørsta, etter at Kunnskapsdepartementet tidlegare i haust ba om meir opplysningar i saka om arbeidsmarknaden på Søre Sunnmøre.

Ordførar i Ørsta kommune, Stein Aam fortel om ein interessert minister som åpna for romslege samtalar om Lånekassen vidare.

‒ Det vart understreka at det vil bli endringar i Lånekassens organisasjon, sett i lys av den digitale utviklinga. Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen var også lyttande til dei innspela som kom frå Søre Sunnmøre, og det vart eit godt møte, seier Aam.

Ordførar i Sande kommune, Dag Vaagen, la vekt på kor viktig samspelet mellom private industriarbeidsplassar og statlege arbeidsplassar er i den komplementere arbeidsmarknaden på Søre Sunnmøre. Det er behov for meir, og ikkje færre, statlege arbeidsplassar i vårt distrikt.  

Utfordra kunnskapsministeren

Lånekassen sitt regionkontor i Ørsta er det einaste kontoret som kjem inn under forliket mellom Høgre, Framstegspartiet og Venstre om at nye statlege arbeidsplassar skal leggjast ut i distrikta.

Erlend Krumsvik, rådgjevar i Sunnmøre regionråd, la vekt på at den interne saksutgreiinga i Lånekassen ikkje hadde tatt omsyn til distriktspolitiske forhold, ved t.d. at nedbemanninga ved hovedkontoret i Oslo ikkje har fått tidsfrist ved seg slik som regionkontora i Ørsta og Tromsø. Kunnskapsministeren vart utfordra på om ikkje Ørsta, framfor Oslo, burde fungere som ein «sikkerheitsventil» i denne omstillingsprosessen.

Det vart ikkje gitt tydelege signal om når saka blir avklart, og delegasjonen frå Søre Sunnmøre vil fortsatt være ein aktiv part i arbeidet vidare. Ei eventuell nedlegging av eit heilt regionkontor i Ørsta vil få større negative ringverknadar enn om ein gjer ei tilsvarande nedbemanning i ein by.

Emneord: Lånekassen, Kunnskapsdepartementet

E-post