Styrarutdanning endeleg i Ålesund

Skrevet .

Bruk13Ei relativ ny satsing skal leggast til Ålesund og målet er gjere barnehagestyrarane trygge på seg sjølv i leiarrolla.

Sunnmøre regionråd Oppvekst, Arbeidsutvalet for barnehage og Ålesund kommune tok initiativ til å starte opp styrarutdanninga for barnehagetilsette i fjor. 

Jeanette Reiten som er rådjevar i Oppvekst, Sula kommune, fortel om ei hektisk tid for å få utdanninga på plass.

− Da departementet bestemte at det kun skulle vere fire stadar i Norge som skulle få tildelt styrarutdanninga, vart det langt for våre styrara å reise for å ta utdanninga. Då tok Sunnmøre regionråd fatt og vi fekk eit tilbod i vår region. No har utdanninga blitt lett tilgjengelige for våre styrarar og for kommunene på nordre Sunnmøre, seier Reiten.

Bruk7

Endeleg oppstart

Høgskulen i Volda vant anbundsrunda, og utdanninga skal tilføre studentane ny og nødvendig kunnskap og kompetanse innan leiing og utvikling av organisasjonen.

Onsdag 21. september var det endeleg oppstart i dei tidligare lokala til Ålesund kunstforeining (i Parken kulturhus). Ordføraren i Ålesund, Eva Vinje Aurdal, var ikkje snau på rosen.

− Det at kommunane samen har fått til dette visar igjen at vi ikkje klarer alt aleine, hanne man ikkje arbeidd i nettverk hadde nok ikkje styrarutdanninga vært ein realitet, fortel Aurdal. 

Pedagogisk koordinator i Sunnmøre regionråd, Nils Magne Abelseth, ser fram til vegen vidare.

− Eg håper at studentane vil vere aktive leiarar i kollegiet. At dei aktivt spel inn i det pedagogiske arbeidet og er pådrivarar av utvikling. Sammen håper eg også på ein entusiasme og gleden av og endeleg få utdanning hit.

2016 09 21 10.25.11

Emneord: Oppvekst, Styrarutdanning , Oppstart 2016