Nødnettet er for dårleg på Sunnmøre

NodnettNødnett er avgjerande viktig med omsyn på ekstremvêr i framtida. Regionrådet ber om at det vert prioritert.

Naudetatene i Møre og Romsdal tok i bruk Nødnett i første halvdel av 2015. Stortinget har no beslutta at Nødnett skal byggje på eksisterande infrastruktur der det er mogleg.

Sunnmøre Regionråd syner til erfaringar der det kan sjå ut som at noko av utstyret ikkje er kraftig nok for ekte vestlandsver, at det er for dårlig varsling av feil og for liten kapasitet på reparasjon.

I tillegg er det viktig med gode reserveløysingar og tilstrekkeleg forsyning av reservestraum.

Sunnmøre Regionråd meiner at eit sikkert Nødnett er avgjerande viktig med omsyn på eit sannsynleg tøffare klima og meir ekstremver i framtida. Regionrådet ber difor om at det vert prioritert tilstrekkelege økonomiske ressursar til vidare utvikling av Nødnett i regionen.                 

Uttalen er oversendt Justis- og beredskapsdepartementetmed med kopi til Direktoratet for nødkommunikasjon.

 

Emneord: IKT, Høringssvar, Nødnett, Uttale

E-post