Vil berge heimevernet

Øvelse Håløyg HV 14 Skytebane 060916 Jostein Hestdal5736 ordførarar har signert oppropet om å bevare HV11 i Møre og Romsdal.

Oppropet er oversendt Stortingets Forsvarskomité og parlamentariske ledarar i alle parti frå alle kommunane i fylket.

Ei nedlegging av Heimevernsdistrikt 11 betyr omfattande sentralisering og kraftige kutt i heimevernet på Nordvestlandet, meiner ordførarane i Møre og Romsdal.

"HV 11 må styrkast, ikkje leggjast ned."

Regjeringa foreslår nedlegging av HV-11 som ein del av Langtidsplanen for forsvaret. Også Sjøheimevernet er foreslått avvikla.

I motsetnad til alle andre delar av landet har Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal ingen anna militær tilstadevære enn Heimevernet, påpeikar ordførarane.

– Vi kan ikkje akseptere at storsamfunnet stryk vår del av landet frå forsvarskartet, og svekkjer vår samfunnstryggleik drastisk både i krig og fred, står i oppropet frå ordførarane, mellom dei mange frå regjeringspartia Høgre og Framstegspartiet.

Emneord: Opprop, HV11, Heimevernet, Møre og Romsdal

E-post