Sunnmøre med uttale om Lånekassen Ørsta

Lånekassen fasade 1 IMG 3458Styret i Lånekassen vil foreslå å leggje ned Lånekassens kontor i Ørsta, Sunnmøre regionråd seier det er uheldig. 

Styret i Lånekassen vil foreslå for Kunnskapsdepartementet å leggje ned Lånekassen sitt kontor i Ørsta. I uttalelsen frå Sunnmøre regionråd sendt til Lånekassen onsdag 24. august fremmar regionrådet det mangfaldige arbeidslivet på Sunnmøre. 

- Vi er kjent med at Lånekassen vurderar å leggje ned kontoret i Ørsta, og ser dette som svært uheldig, skrivast det i uttalen.

22 statlege arbeidsplassar kan vere truga

På den bakgrunn skriv regionrådet at Sunnmøre har eit betydelig næringsliv innan mellom anna fiskeri, maritim industri og møbelindustri. Men i ei tid med ein vanskeleg arbeidsmarknadssituasjon i maritim næring, vert offentlege arbeidsplassar i regionen ekstra viktige for sysselsettinga på Sunnmøre.

Vidare i uttalen uttrykk Sunnmøre regionråd forståelse for at Lånekassen må tilpasse seg i ein ny digital kvardag og at ein vurderar organiseringa. Sunnmøre regionråd vil imidlertidig peike på at ei eventuell nedlegging vil vere eit feil steg i feil retning i høve til politiske signal om desentralisering av offentlege arbeidsplassar.

I styresaka med forslag om å leggje ned Lånekassen i Ørsta vert det vist til involverande prosessar. Vår erfaring er at forslaget har vore ukjent for tilsette inntil nyleg.

 

 

Emneord: Høyringssvar, Lånekassen, Høringssvar

E-post