Workshop om framtidig regiontilhøyrigheit

BruDagen skal gi ei systematisk tilbakemelding til fylkeskommunane frå medlemmane i Nordfjordrådet og i Sunnmøre regionråd.

Onsdag 7. september vil ordførarar, rådmenn og regionråd møtast på Hotel Ivar Aasen i Ørsta for ein naboprat. Dette i forbindelse med den pågåande regionreforma i Norge.

Rådgjevar i Sunnmøre regionråd, Erlend Krumsvik, fortel at det blir utarbeida ein prosjektrapport frå dagen som blir oversendt fylkeskommunane og kommunane i etterkant av samlinga.

Samsnakking om regionreforma

-  Workshopen vil gi eit utfyllande og heilskapleg inntrykk av kva for haldningar det kommunale forvaltningsnivå har til regionreforma, fortel han.

Dagen vil ta utgangspunkt i eit enkelt analyseverktøy – SWOT-analyse.

- Denne arbeidsmetoden gir rom for å samle inn individuelle tilbakemeldingar samt kollektive gruppeinnspel. Eit omfattande informasjonsmateriell blir systematisk samla inn på kort tid, fortel Krumsvik.

Workshopen vil vere onsdag 7. september på Hotel Ivar Aasen i Ørsta. 

Emneord: Regionreform, Workshop, Erlend Krumsvik

E-post