- Må endre oss i takt med samfunnet

Ordførarmøte Sunnmøre Bøen FotorMedlemskommunane i regionrådet hadde måndag 13. juni møte med politiet i Møre og Romsdal, formålet vart informasjon og diskusjon om politireforma.

- Lensmannskontora vart oppretta i ei tid med heilt andre kommunikasjonar enn vi har i dag. I tillegg har vi skjerpa krav til arbeidstid og vi har skjerpa krav til tryggleik for mannskapa. Dertil kjem at vi har eit heilt anna kriminalitetsbildet enn berre for nokre ti-år sidan – mellom anna stor mobilitet. I sum gjer desse faktorane at vi må gjere endringar i kontorstrukturen for lensmannskontorar, sa politimeister Ingar Bøen då han måndag møtte ordførarar og rådmenn frå Sunnmøre.

Dette var det tredje og siste møtet med politiske og administrative leiarar i kommunane i heile fylket og Bøen gjentok bodskapen om at han ynskjer sterk medverkand frå kommunane i arbeidet med i skape ei betre polititenste i politidistriktet.

Ynskjer kommunal medverknad

- Vi ynskjer kommunal medverknad for å forstå kva utfordringar dei ulike delane av politistriktet har. Dette skal skje gjennom ei styringsgruppe der alle berørte kommunar er invitert til å delta, sa politimeisteren.

Det første møtet i gruppa vert 22. juni og allereie 15. oktober må det leggast fram premissar som gjer det mogleg for politimeisteren å trekke sine konklusjonar.

Bøen gjekk i si innleiinga om nærpolitireforma langt i å vedgå at polititenesta ikkje har vore god nok mange stadar. At terskelen for å rykke ut i samband med hendingar i distrikta har vorte altfor høg. Tankegangen kan sjå ut til å ha vorte at ein ikkje kan tømme byen for politi.

- Eg er ikkje uroleg for dei store hendingane – til dømes på sokkelen. Når det verkeleg røyner på fungerer godt politiet. Mi bekymring handlar om korleis vil skal greie å gje utkantane ein beredskap som er god nok, sa han.

Tru på framtida

Politimeisteren viste til at kommunane også har vorte nøydde til å gjere strukturelle grep i sine tenester.

– Vi har ikkje unngått å legge merke til at det har vorte færre skular dei siste åra. På same måten må vi gjere det. Vi må få ei betre polititeneste igjen for pengane og det håper eg at kommunane kan vere med oss finne fram til.

Kommunerepresentantane frå Sunnmøre var særleg interesserte i den prosessen som no skal innleiast.

Politimeisteren streka under at dei både skal vere med å påverke tenestestrukturen gjennom styringsgruppa, men dei skal også få uttale seg konkret til det framlegget han lage innan 15. oktober. Dessutan vil dei få ein ny sjanse til å klage på den endelege avgjerda til politidirektøren som kjem 1.februar 2017.

Herøyordførar Arnulf Goksøyr (H) runda av møtet mellom politimeisteren og sunnmørskommunane med fylgjande spissformulering:

- Eg er glad for å kunne konstatere at vi har fått ein politimesister som er på lag med folket. Din manglande arroganse vil du tene stort på, sa han vendt til Bøen.

Foto: Olav Sindre Rise, kommunikasjonsrådgjevar Møre og Romsdal politidistrikt

 

Emneord: Politi, Politireform

E-post