Nedtelling til Sunnmørsfinalen

vatneKjell Kjellen Bigset oppfordrar ungdommane til å ta med rektorar og vaktmesterar, ja, heile skulen, til Sunnmørsfinalen 9. juni.

Hovdebygdingen som skal vere konferansier, har klare råd til vinnargruppene fram mot finalen.

− Det skal ikkje vere noko slingring i valsen. De må arbeide vidare, finspisse prosjekta, akkurat som eg gjer med sveleoppskrifta mi. Ein må alltids få den betre over tid, sei han til Sunnmøre regionråd.

Torsdag 9. juni inviterer Sunnmøre regionråd og Ungt Entreprenørskap - til regionfinale i Innovasjonscamp på Parken Kulturhus i Ålesund. Kommunevinnarane frå heile 10 kommunar konkurrerer om å bli regionens Innovasjonscampvinner.

Regionvinnar

Ungt Entreprenørskaps mann på Sunnmøre er Henrik Vedde. Han fortel at det er venta besøk fra ca. 400 spente elevar frå skulane i regionen

− Finalen er det største arrangementet for ungdomskulestrinnet, vi gler oss!

Finalen avholdes i Parken Kulturhus i Ålesund 9. juni kl. 09.00 – 14.30, sjå program.

Under finalen vil vinnargruppene frå kvar kommune holde ein presentasjon på inntil 5 minutter kor dei går gjennom sitt oppdrag og legger frem løsningsforslag. Ein jury kårer deretter årets vinnarar.

Juryen består av

Marion Remøy, Sparebanken Møre

Arnfinn Ingjerd, Maritimt forum Nordvest

Trond Lervik, AAKP og hoppid.no

Eva Vinje Aurdal, ordfører Ålesund kommune

Samarbeid mellom skule og næringsliv

Undervisningsprogrammet er utvikla av Ungt Entreprenørskap Møre og Romsdal, og gjennomføras i samarbeid med næringsforuma i regionen. Innovasjonscamp byr på en unik mulighet til å bygge kontakt mellom skole og næringsliv. Et stort antall bedrifter og virksomheter bidrar med oppdrag og gjør det mulig å gjennomføre Innovasjonscamp.

Arrangementet finansieres av Møre og Romsdal Fylkeskommune Næringsavdelingen, Maritimt forum Nordvest og Sparebanken Møre bidrar med premiene til vinnergruppene.

 

Emneord: Oppvekst, Sunnmørsfinale

E-post