Ørsta meieri i fare for nedleggelse

Geiter TineMeieriet i Ørsta kan bli lagt ned om tre til fem år. Kommunane på Sunnmøre vil at Tine snur.

Produksjonen av geitost starta opp i 1993, medan det var i 2004 at produsering av rein geitmjølkost kom i gang. Samarbeid og forsking var avgjerande og resulterte i  « Synnylvs prosjektet» i 2008.

No står fagmiljø og arbeidsplassar i fare for nedleggelse. Ein rapport viser at Tine kan redusere dei årlege konstnadene med 70 millionar kroner ved å optimalisere industrien.

Vil beholde Ørsta Meieriet

Etter ei intern drøfting og høyring går saka til endeleg avgjerd i konsernstyret, mest truleg før sommaren, skriv Tine i ei pressemelding tilbake til 26. april i år.

Sunnmøre regionråd IKS vil difor på det sterkaste oppmode Tine SA til framleis satse på Meieriet i Ørsta.

- Anlegget er innovativt i si drift og satsar vidare på utvikling av opparbeidd kompetanse og konkurransekraft med ressursar i ei framtidsretta berekraftig arbeidsmarknadsregion, står det i høyringssvare sendt 26. mai.

Sjå høyringssvaret frå Sunnmøre regionråd IKS.

Emneord: Tine, Meieri, Høyringssvar

E-post