Resultatet frå Sunnmørskommunane

Storfjorden 160509 02Resultat av folkerøystinga og innbyggarundersøkinga i Sunnmørskommunane.

13 kommunar hadde folkerøysting og to kommunar hadde innbyggarundersøking om kommunereform torsdag 19. mai. Her finn du alle resultata.

  • Merk at innlegget er under oppdatering. 

Giske kommune

RESULTAT FRÅ FOLKERØYSTINGA

 

Førehand

Valdag

Sum

Giske som eigen kommune

   215

1854

2069

Regionkommunen Ålesund

     37

423

460

Veit ikkje

     13

87

100

Sum

   265

2364

2631

 

Valdag:
 

Krins

Giske som eigen kommune

Regionkommunen

Ålesund

Veit ikkje

Sum

Godøya

234

44

16

294

Alnes

59

10

6

75

Giske

163

52

11

227

Valderøya

841

202

34

1077

Mjølner

294

79

15

388

Viking

211

28

4

243

Framande

52

8

1

61

Blanke

     

2

Sum

1854

423

87

2366


Røysteføre:  6 138             Frammøte:   42,7 %

RESULTAT FRÅ INNBYGGARUNDERSØKINGA

400 innbyggarar frå 16 år og oppover har delteke i innbyggarundersøkinga.

Undersøkinga syner at 54 % av innbyggarane seier ja til Giske som eigen kommune etter 2020, medan 41 % seier ja til regionkommunen Ålesund.

Sjå meir detaljert resultat på Giske kommune sine heimesider.

Haram kommune

Slå seg saman med Sandøy: 52 prosent (1390 røyster)

Halde fram som eigen kommune: 29 prosent (766 røyster)

Slå seg saman med regionkommune Ålesund: 19 prosent (511 røyster)

Valdeltaking: 36,8 prosent (7257 røyster)

Røystene skal finteljast på fredag.

Sjå meir detaljert resultat på Haram kommune sine heimesider.

Hareid kommune

Hareid som no: 1233 røyster (72 prosent).

Regionkommune Ålesund: 186 røyster (11 prosent).

Runde kommune: 252 røyster (15 prosent).

Blanke: 27 røyster (2 prosent).

Røyster totalt: 1698 (44,2 prosent).

Sjå meir detaljert resultat på Hareid kommune sine heimesider.

Herøy kommune

Halde fram som eiga kommune, 1604 røyster (63 prosent).

Slå seg saman med Sande 480 røyster (19 prosent).

Slå seg saman med Hareid, Ulstein, Sande og Vanylven, 436 røyster (17 prosent).

Blanke røyster: 40 (1%).

Valdeltaking 38 prosent.

Sjå mer detaljert resultat på Herøy kommune sine heimesider.

Norddal kommune

I Norddal ønsker 45 prosent at kommunen skal halde fram aleine.

Landkommune saman med ein eller fleire av kommunane Stordal, Ørskog, Skodje: 19 prosent

36 prosent har røysta blankt i kommunen.

Frammøteprosent 48,27 prosent.

Sjå meir detaljert resultat på Norddal kommune sine heimesider.

Sande kommune

Resultatet frå folkerøystinga viser at 51 prosent av dei som røysta seier ja til å danne ei ny kommune saman med ytre søre Sunnmøre.

42 prosent for Sande aleine

6 prosent blankt.

Valdeltakinga var 42,5 prosent.

Sjå meir detaljert resultat på Sande kommune sine heimesider.

Sandøy kommune

Resultatet frå innbyggarundersøkinga viser at 39 prosent er positv til å slå seg saman men dei ni kommunene i Regionkommune Ålesund. 13 prosent verken positiv eller negativ og 43 prosent negativ.

Dersom Regionkommunealternativet ikkje blir noko av er 70 prosent for samanslåing med Haram. 

357 innbyggarar frå 15 år og oppover har delteke i innbyggarundersøkinga.

Sjå meir detaljert resultat i rapporten til Sadnøy kommune.

Skodje kommune

Regionkommune Ålesund: 40,2 prosent

Landkommune (Storfjord): 47,8 prosent.

Blank: 12 prosent.

Mangler 38 stemmer som ikke er talt opp (2,8 prosent).

Oppmøteprosent: 36 prosent

Sjå meir detaljert resultat på Skodje kommune sine heimesider.

Stordal kommune

Nei: Stordal kommune bør ikkje gå inn i ein ny kommune: 215 røyster og 53,88 prosent.

Landkommune saman med ein eller fleire nabokommunar (Skodje, Ørskog og Norddal): 137 røyster og 34,34prosent

Regionkommune saman med Ålesund og fleire nabokommunar: 33 røyster og 8,85 prosent.

Valdeltaking 48,5 prosent (399 av 822 røysteføre).

Sjå meir detaljert resultat på Stordal kommune sine heimesider.

Stranda kommune

65,6 prosent av strandarane vil at Stranda skal halde fram som eigen kommune.

Det viser innbyggarhøyringa i kommunen. Resultatet vart offentleggjort måndag føremiddag.34,4 prosent svarer at dei ser helst at Stranda og Sykkylven går saman til ein kommune.I alt var det 1371 personar som sa si meining. Flest svar kom det inn frå den eldste gruppa av innbyggarar i Stranda, medan fordelinga av svar mellom kjønn var jamstor.Færrast svar kom det frå dei under 20 år.

Sjå meir detaljer resultat på Stranda kommune sine heimesider.

Sula kommune

Sula kommune bør bli ein del av regionkommunen Ålesund: 370 røyster - 10,2 prosent

Sula kommune bør halde fram som eigen kommune: 3215 røyster - 88,9 prosent

Veit ikkje/blank røyst: 32 - 0,9 prosent.

53,1 prosent av dei røysteføre har røysta.

Sjå meir detaljert resultat på Sula kommune sine heimesider.

Sykkylven kommune

Mandag morgon kom resultatet fra innbyggerhøyringa i Sykkylven kommune.

Hovudresultata er:

57,4 prosent vil halde fram som eigen kommune.

21,5 prosent vil slå saman Stranda og Sykkylven kommune.

21,1 prosent vil ha Regionkommune Ålesund.

Dersom det vert tvangssamanslåing, vil 75,6 prosent av dei som vil halde fram som eigen kommune, gå saman med Stranda. 24,4 prosent vil gå inn i regionkommunen.

Dei yngste og dei eldste er mest skeptiske til samanslåing. Mest positive er aldersgruppa 30-39 år.

Svarprosenten er 36,4 prosent.

Sjå meir detaljer resultat på Sykkylven kommune sine heimesider.

Ulstein kommune

24,6 prosent røysta på alternativet "Eg vil at Ulstein skal danne ein ny kommune saman med Hareid, Herøy, Sande og Vanylven".

62,8 prosent røysta på alternativet "Eg vil at Ulstein skal halde fram som eigen kommune".

3,4 prosent røysta på alternativet "Eg veit ikkje".

9,2 prosent røysta blankt.

Deltaking: 37,1 prosent av alle med røysterett i Ulstein kommune deltok i folkerøystinga.

Blant 16- og 17-åringane deltok 44,5 prosent i folkerøystinga.

Sjå meir detaljert resultat på Ulstein kommune sine heimesider.

Volda kommune

2419 (68,7 prosent) har røysta nei til å slåast saman med Ørsta.

1075 (30,5 prosent) har røysta ja.

Valdeltakinga var på 48,97 prosent.

Sjå meir detaljert resultat på Volda kommune sine heimesider.

Hovedresultata frå innbyggjarundesøkinga om kommunrefom blant innbyggjarane om ei samanslåing mellom Stryn, Hornindal og Volda er no klare.

Hovedresultatet viser at det er eit fleirtal for samanslåing i alle tre kommunar 62 %)

Du kan lese meir om undersøkinga i dokumentet "Innbyggerundersøkelse kommunereform Stryn, Hornindal og Volda".

Ørskog kommune

83,2 prosent røysta for ei landkommune (Skodje, Ørskog, Stordal og Norddal).

15,2 prosent har røysta for regionkommune Ålesund.

1,6 prosent røysta blankt.

Valdeltakinga var på 44,2 prosent.

Sjå meir detaljert resultat på Ørskog kommune sine heimesider.

Ørsta kommune

Ja til at Ørsta og Volda skal bli ein kommune: 37,2 prosent

Nei: 61,9 prosent

Blankt 0,9 blankt.

Oppmøteprosent: 48,4 prosent (4095 røyster).

Sjå meir detaljert resultat på Ørsta kommune sine heimesider.

Ålesund kommune

Eit flertall av de spurde er positive til at 10 kommuner ynskjer å samle seg til en ny kommune, og nær to av tre trekk fram Sula og Giske som viktigst å få med i ei ny regionkommune.

57 % av de spurde er svært eller ganske positive til ei regionkommune. 21 % er svært eller ganske negative. Det er flere menn enn kvinner som er svært positive og de mellom 30 – 59 år er noe mer positive enn de under 30 og over 60 år.

De 10 kommunane er Giske, Haram, Hareid, Sandøy, Skodje, Stordal, Sula, Sykkylven, Ørskog og Ålesund. 64 % nevner Sula og 62 % Giske blant kommunane det er viktigst å få med i ei ny regionkommune, etterfulgt av Skodje og Haram.

Lite påvirkning på hverdagen

En betydelig andel av de spurte, 47 %, tror ikke at ei endring av kommunestrukturen vil påvirke hverdagen i stor grad. 24 % av de spurte mener at endringa vil påvirke hverdagen svært mye eller ganske mye.

Sjå meir detaljert resultat på Ålesund kommune sine heimesider.

Emneord: Kommunereform

E-post