• Hjem
  • Nyheter
  • Må ta vare på regionalt særpreg og autonomi

Må ta vare på regionalt særpreg og autonomi

ntnuaalesundSunnmøre regionråd har sendt uttale om høyringa om fagleg organisering av NTNU i Ålesund.


Høgskulen i Ålesund sin fusjon med NTNU har vert og er ei god moglegheit for kommunar og næringsliv i regionen. Dette med utgangspunkt i at NTNU frå 2016 er det største universitetet i Noreg.  

Styreleiar Anders Riise og dagleg leiar i Sunnmøre regionråd, Jan Kåre Aurdal er på vegne av kommunane på Sunnmøre opptekne av at framtidig fagleg organisering ivaretek omsynet til autonome fagmiljø ved institutta ved NTNU i Ålesund.
I dag er NTNU i Ålesund velkjent for eit nært samarbeid med både kommunar og næringsliv.

Kan miste samarbeidet

- Vi fryktar at autonome institutt ved NTNU i Ålesund kan ende opp som fagseksjonar underlagt institutt i Trondheim. Dette kan medføre at NTNU i Ålesund vil mangle beslutningskraft i samarbeidet med kommunar og næringsliv i regionen, skrivast det i uttala.

Regionrådet ber difor at det vert lagt opp til ei fagleg organiseringa av NTNU i Ålesund som ivaretek regionalt særpreg og autonomi.   

Innan til dømes helsefag er NTNU i Ålesund ein sentral kunnskapslevarandør til kommunane. Det er utvikla eit godt samarbeid mellom NTNU Ålesund og kommunane på fleire område, mellom anna  innan velferdsteknologi. Det er viktig å leggje til rette for at denne typen samarbeid også kan utvikle seg i framtida.   

- Vi ser det slik at framhald av eigne institutt (med naudsynte fullmakter) ved NTNU i Ålesund vil vere til det beste for å sikre ein vellukka fusjon, avsluttast uttala sendt til rektor og styreleiar ved NTNU Trondheim.

Sunnmøre Regionråd IKS er regionråd for 19 kommunar på Sunnmøre og i Romsdal med nærare 150 000 innbyggjarar. Medlemskommunane er Giske, Haram, Hareid, Herøy, Norddal, Sande, Sandøy, Skodje, Stordal, Stranda, Sula, Sykkylven, Ulstein, Vanylven, Vestnes, Volda, Ørsta, Ørskog og Ålesund.

E-post