Volda lys grønt

LED VOLDAVolda kommune skal skifte til Led armaturer som  berre brukar 10 % energi i forhold til dei gamle armatura.


I samarbeid med innkjøpsavdelinga i Ålesund kommune ved Christine Skarbø og Sunnmøre Regionråd IKS ved Einar Haram,  har Volda kommune innhenta anbod på utskifting av eksisterande gamle HQL armaturar.

Dei gamle armaturane inneheld kvikksølv og det er ikkje lenger mulig å skaffe reservedelar til desse, fordi produksjonen vart lagt ned.

Volda har innhenta anbod på i alt 1200 armaturar. Det gir dei høve til å skifte ut armaturar på kommunale vegar.

Energiøkonomisering

Dei gamle armaturane brukte i gjennomsnittleg ca. 220 watt medan dei nye vil bruke ca. 22 watt.

- Denne utskiftinga vil då redusere brutto energiforbruk med i alt 950400 kwh pr år. No er det slik at Volda kommune berre betaler for eit forbruk basert på 138 watt per armatur som utgjer 662400 kWh. I tillegg til reduksjon av energiforbruk, vil Volda kommune redusere sine utgifter til vedlikehald av gamle armaturar med ca. 360 000 kroner per år, fortel rådgjevar i Energi og Klima for Sunnmøre regionråd IKS.

Kontrakten vart signert på rådhuset i Ålesund med representantar frå Ålesund kommune si innkjøpsavdeling ved Christine Skarbø, Mørenett AS ved Arve Folkestad og Sunnmøre Regionråd IKS ved dagleg leiar Jan Kåre  Aurdal   og prosjektleiar Einar Haram.

Signeringsmote LED VOLDA

Det var oppstartsmøte i Volda den 3.5. med representantar frå kommunen, Mørenett AS og Sunnmøre regionråd IKS . Prosjektet skal vere avslutta seinast innan utgangen av mai 2018.

Utskifting av HQL armaturar

Sunnmøre Regionråd IKS  leiar utskiftinga av HQL armaturar  i fleire kommunar  blant anna:

Ålesund ,Giske , Haram , Sande, Sandøy ,Skodje, Sula, Sykkylven, Stranda , Stordal , Nordal , Ørskog, Vanylven og Vestnes.  Samla var det ved årsskiftet skifta ut 6892 HQL armaturar med LED.

Med bakgrunn i dette har kommunane fått eit samla akkumulert økonomisk resultat på i alt 10,2 millioner kroner. Inkludert i dette er tilskot frå ENOVA med 2,74 millioner kroner.

Emneord: Energi og klima

E-post