• Hjem
  • Nyheter
  • Felles kommunestyremøte for Stranda og Sykkylven

Felles kommunestyremøte for Stranda og Sykkylven

IMG 1327I dag har kommunestyra for Stranda og Sykkylven eit møte i Geiranger om mogleg samanslåing av dei to kommunane.

Programmet er i gang i Geiranger. Etter at ordførar Jan Ove Tryggestad i vertskommunen opna, var det rådgivar Erlend Krumsvik i Sunnmøre Regionråd som presenterete intensjonsavtalen om å slå saman dei to kommunane.

Økonomisjef Ståle Anker Ljøen i Stranda presenterete regjeringa sitt forslag til nytt inntektssystem for kommunane før neste punkt var gruppearbeid.  Samansette grupper frå dei to kommunane tek føre seg dei nemnde emna. Utanom politikarar og administrasjon tek også tillitsvalde del på møtet.

 

 

Emneord: Kommunereform

E-post