Torgdag skal bidra til å dele erfaringar

Illustasjonsbilde av standTysdag 19. april på Valderøy barneskule, skal det vere ei annleis samling for skulane på Sunnmøre.

Det  er 14 skular i pulje 5 (10 skular på barnesteget og 4 skular på Ungdomssteget). Kvar skule vert denne dagen utfordra til å vise noko av det dei har lært og erfart i samband med arbeidet med den nasjonale satsinga Vurdering for Læring.

Utviklingsrettleiar ved Sunnmøre regionråd, Torunn Måseide, ser fram til samlinga.

− Skulane skal presentere kvart sitt tema på ca. 10 minutt og ha sin eigen stand. Presentasjonstemaene skal kommuniserast til elevar, foreldre og politikarar, man kan heller ikkje sjå bort i frå at elevane sjølv blir med på presentasjonane, fortel Måseide.

Idear og inspirasjon

Vurdering for Læring har no pågått i 2 år. Måseide fortel at når torgdagen er i gang, skal tilhøyrarar gå frå standen og gå til neste stand, kvar av dei skal feste ein exit-lapp på ei tavle ved sidan av for å vise kva dei har lært ved den standen.

− Det å arrangere ei samling som ein torgdag skal bidra til at skulane kan betre dele erfaring, idear og inspirasjon, avsluttar Måseide.

Førsteamanusis Siv Måseidvåg Gamlem frå Høgskulen i Volda er også med på dagen og skal halde foredrag om paradigmeskiftet.

Gymsal Valderøy Barneskule Oppstar

Emneord: Ungdomstrinn i utvikling

E-post