• Hjem
  • Nyheter
  • Sunnmøre krev fagtilbodet i Ålesund vert ivareteke

Sunnmøre krev fagtilbodet i Ålesund vert ivareteke

Aase sjukeheim høst2021 AndreasVollenUakseptabelt at delar av neonatal avdeling i Ålesund igjen er aktuelt å sentralisere til St. Olav.

Etter ei ekspertgruppe anbefala å flytte behandlinga av ekstremt premature fødde born i Ålesund til Trondheim. I dag behandlar både Ålesund og St. Olav nyfødde frå veke 23. Sunnmøre regionråd reagerer no sterkt på at  avdelinga kan være i fare.

- I nasjonal samanheng har både St. Olav og Ålesund to relativt små neonatal seksjonar, men begge ligg heilt på topp ut ifrå data i det nasjonale kvalitetsprogrammet. Helse Midt-Norge har to gongar tidligare vurdert kvaliteten på tilbode i Ålesund og Trondheim utan å finne forskjellar.  Kvifor vil ein då endre på eit tilbod i Ålesund som fungera godt?

Uakseptabelt

Styreleiar Anders Riise og dagleg leiar Jan Kåre Aurdal har begge underteikna fråsegn frå Sunnmøre regionråd, med fleire bekymringar.

- Ein kan risikere at fagmiljøet smuldrar bort, som kan vert konsekvensen av eit redusert tilbod i Ålesund i høve til beredskap og kompetanse overfor kritisk sjuke barn i Møre og Romsdal som er fødde til termin.

Regionrådet krev no at fagtilbodet ved Neonatalavdelinga i Ålesund vert ivareteke.

 

Emneord: Helse

E-post