• Hjem
  • Nyheter
  • Informasjonsmøte for kommunestyrene på Sunnmøre

Informasjonsmøte for kommunestyrene på Sunnmøre

guiding august2006 230Måndag 29. februar er det felles informasjonsmøte for Regionkommune Sunnmøre.


Kommunane som er invitert er Sandøy, Haram, Giske, Sula, Hareid, Sykkylven, Skodje, Ørskog, Stordal og Ålesund. Forhandlingsleiar og rådgjevar i Sunnmøre regionråd, Erlend Krumsvik fortel at møtet er eit viktig ledd i informasjonsarbeidet med kommunereforma.

− Det felles orienteringsmøtet for kommunestyre og ungdomsråd som har som hensikt å sette faglig fokus på dei største utfordringspunkta i forhandlingane, samt gi representantane frå alle deltakarkommunane ein statusoppdatering på forhandlingane om intensjonsavtalen, forklarar Krumsvik. 

Informasjonsmøtet finn stad måndag 29. februar kl. 17.45, Øygardshallen, Sjøvegen 77 – Giske kommune (Momentium hallen).

Følg møtet på nett

Møtet vil bli streamet og du har moglegheit til å følje møtet gjennom denne linken frå 17:45 i kveld.

Dagsorden finn du her i PDF

Møteleiar er Anne Mette Liavaag, strategi- og utviklingssjef i Ålesund kommune.

Møtet er eit politisk møte, men er åpent for publikum.

 

Emneord: Kommunereform

E-post