Ny heimeside for regionrådet

Ny hjemmeside skjermbildeHeimesida til Sunnmøre regionråd er blitt modernisert.

Den nye portalen blei lansert i dag, måndag 22. februar.

- Vi er svært fornøgd med å kunne tilby ei meir moderne nettside, fortel dagleg leiar Jan Kåre Aurdal. - Det er viktig for alle medlemskommunane våre og for alle at vår heimeside skal vere oppdatert til ei kvar tid for at ny og korrekt informasjon skal vere tilgjengelig.

Heimesida er utvikla og har fått sitt design frå Ålesund kommune, i samarbeid med Sunnmøre regionråds kommunikasjonsrådgjevar, Ingvild Liadal.

- Vi har venta og arbeidd lenge med den nye portalen i godt samarbeid med Anette W. Petersen, kommunikasjonsrådgjevar for digitale medier og sammen med webutviklar Vegard Aarseth. No er heimesida ute og håper publikum tar godt i mot den, sier Liadal.

E-post