5 år med samhandling

5 år samhandlingSamhandlingsgruppa innan helse i Sunnmøre Regionråd feirar 5 års jubileum.

I desse dagar er det 5 år sidan det vart starta opp ei samhandlingsgruppe med helseleiarar på Sunnmøre. Alle 17 sunnmørskommunane, samt Sandøy kommune frå Romsdal, deltek.

Bakgrunnen for etableringa av gruppa var samhandlingsreforma. Gruppa består i dag av 1-2 faglege ressurspersonar frå kvar kommune, til dømes kommunelegar, kommunalsjefar og einingsleiarar.

Kommer kommunane til gode

Rådgjevar og koordinator i Sunnmøre regionråd, Vegard Austnes, fortel at eit jubileum understrekar gruppa er viktig for Sunnmøre.

− Samla må gruppa seiast å ha ein spisskompetanse på kommunale helsetenester, og ved å samarbeide om utviklingstema kjem denne spisskompetansen alle kommunane til gode. Samhandlingsgruppa arbeider både med spørsmål knytt til interkommunal samhandling og samhandling mellom kommunane og helseføretaket, seier Austnes.

På jubileumsmøtet 12. februar står mellom anna velferdsteknologi på saklista, og Avdeling for helsefag ved NTNU i Ålesund gjesta møtet. Kommunalsjef Liv Stette i Ålesund kommune leiar gruppa, medan Sunnmøre Regionråd er koordinator.  

Emneord: Helse

E-post