Kick-off for "Ungdomstrinn i Utvikling"

Torunn MåseideMed rundt 100 deltakarar frå skulane på nordre Sunnmøre, skal dei saman løfte kompetansenivået i kommunane. 

Høgskulen i Volda har inngått avtale med Sunnmøre regionråd om et felles kick-off for oppstartinga av «Ungdomstrinn i utvikling».

Utviklingsveileiar i Sunnmøre regionråd, Torunn Måseide fortel at seminaret som skal haldast 9. februar på Color Line Stadion i Ålesund, og temaet vil være skulebasert utvikling og aksjonslæring.  

- Målet er å utvikle kvar einskild skule sin kunnskap, haldningar og ferdigheiter når det gjeld læring, undervisning og samarbeid, seier Måseide. 

Nasjonal satsing

Skulane på nordre Sunnmøre er med i Pulje 4 i den nasjonale satsinga og skal samarbeide med Høgskulen i Volda i tre semester frå hausten 2016. 

Dr. polit og professor i pedagogikk ved Høgskulen i Buskerud og Vestfold, Halvor Bjørnsrud skal helde innlegg kommande tysdag. 

- I dag veit vi, gjennom forsking og erfaringar, at lærarars læring har betre vilkår når den skjer gjennom organisert samarbeid og felles valte tema i arbeidstida på skulen, fortel han. 

Seminaret vil halde stad på Color Line Stadion 9. februar frå 10.00 - 17.00

Emneord: Ungdomstrinn i utvikling

E-post