• Hjem
  • Nyheter
  • Skal ta opp utviklinga av sjukehusa i Volda og Ålesund

Skal ta opp utviklinga av sjukehusa i Volda og Ålesund

Kommunane får no anledning til å diskutere planene for utviklinga av sjukehusa på Sunnmøre med Helse Møre og Romsdal.

Møtet mellom deltakarkommunane i Sunnmøre Regionråd og Helse Møre og Romsdal (HMR) ved adm. Direktør Espen Remme, vil vere kommande fredag.

Møteleiar og styreleiar i Sunnmøre regionråd, Anders Riise, ser på det som viktig for kommunane no å få ytre seg.

− Representantar frå vertskommunane skal halde innlegg for å synliggjøre utfordringane i kommunane, fortel Riise.

Strategi 2030 HMN og Utviklingsplan HMR 2030 skal også gjennomgåast for deltakarane på møtet.

− No når nasjonal helse- og sjukehusplan er til høring er det elementært med ein god dialog med Helse Møre og Romsdal. Ikkje minst for å sikre godt faglig tilbod til innbyggjarane på Sunnmøre, fortel Riise.

Møtet held stad på Høgskulen i Volda frå kl. 10.00 - 11.30.

Emneord: Helse

E-post